Pure Reason Revolution er eit av banda eg liker godt. Dei spiller såkalt new prog og den nyaste plata blander inn elektronika. Dei vart danna i 2003 og har til no spillt inn 2 plater og ein EP (pluss eit livealbum). Bandet består no av Jon Courtney, Chloë Alper, Jamie Willcox og Paul Glover.
Diskografi: Cautionary Tales for the Brave (2005) (EP) The Dark Third (2006/2007*) Live at NEARfest 2007 (2008) (Live) Amor Vincit Omnia (2009)
*The Dark Third vart fyrst utgjeven i Storbritania i 2006, så seinare i USA samme år med anleis tracklist, så i Europa i 2007 med tracklisten til USA og ein bonusCD med spor frå Cautionary Tales for the Brave o.l.
Eg likte frykteleg godt debutalbumet og syns ærleg talt ikkje at andrealbumet var så bra fyrste gongen truleg på grunn av elektronikaelementene. Men har blitt bettre ved seinare gjennomspillinger. Debuten meiner eg er noko av det beste i progressiv musikk dei siste åra. Men kva syns dykk?
_________________ Tja...
|