Miraforum

Til hovedsiden

Dato/klokkeslett: 12 Des 2017, 16:23

Tidssone UTC + 1 time [ DST ]




Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 1 innlegg ] 
Forfatter Melding
 Innleggets emne: Pacham
InnleggSkrevet: 20 Jan 2009, 18:19 
Avlogget

Registrert: 15 Jan 2009, 16:24
Innlegg: 17
Bosted: Tromsø
Trur eg prøver ut dette showrommet, eg. Eg lager ein teikneserie som heiter Pacham -- delt sisteplass i VGs teikneseriekonkurranse, og no ligger dei sju første halvsidene ute på Nettserier.no og i den store innbunken til Rogers Venner. Men eg vil gjera veldig mykje for å kunne bli betre, og når det då dukker opp eit nytt showrom på nettet må eg nesten prøve å utnytte det.

Når det gjeld sjølve plottet, har eg liggjande eit grovt plott klart for korleis historia kjem til å utvikle seg -- ser for meg at den kjem til å spenne over minimum eit par hundre sider. Så det er ikkje det eg treng tilbakemelding på, altså. Derimot er det eit par ting eg veldig gjerne kunne tenkja meg tilbakemelding på:

- Eg bruker eit par eksperimentelle gimmicks i serien -- fargeleggjinga, japanske skriftteikn, bruk av fotos, og slike ting. Fungerer desse i det heile tatt, eller blir det berre absurd at eg gjer det på den måten?

- Eg laga serien i halvsideformat fordi det var dei krava VG-konken satte. No som eg har tapt VG-konken, står eg fritt til å eksperimentere litt meir med dette òg. Bør eg gjera det? Burde eg komprimere til eit stripeformat, fleske ut til eit heilsideformat, eller ...? Og føler du som lesar at det gagner denne serien å ha a-punchline-a-day, eller blir det berre overdrive?

- Denne serien er ikkje eigentleg så veldig morosam. Bør eg gjera den morosamare? Eller bør eg slutte å prøve, og heller fortelja historia utan å forsøke å putte inn ting folk kan le av? Eller har eg klart å finne ei grei balanse?

- Teikningane. Alt ved dei. Eg er ikkje spesielt flink til å teikna, men gjer så godt eg kan. Er det noko eg kan gjera betre? Er det noko spesielt eg burde bruke meir tid på?

Enough talk. Her er serien. Enjoy.

http://www.nettserier.no/_striper/pacham-1228604400.png
http://www.nettserier.no/_striper/pacham-1229209200.png
http://www.nettserier.no/_striper/pacham-1229814000.png
http://www.nettserier.no/_striper/pacham-1230418800.png
http://www.nettserier.no/_striper/pacham-1231023600.png
http://www.nettserier.no/_striper/pacham-1231628400.png
http://www.nettserier.no/_striper/pacham-1232233200.png

_________________
http://www.nettserier.no/pacham/


Topp
 Profil  
 
Vis innlegg fra forrige:  Sorter etter  
Opprett et nytt emne Svar på emnet  [ 1 innlegg ] 

Tidssone UTC + 1 time [ DST ]


Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 1 gjest


Du kan ikke opprette nye emner i dette forumet
Du kan ikke skrive innlegg i dette forumet
Du kan ikke redigere dine egne innlegg i dette forumet
Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet

Søk etter:
Gå til forum:  
cron
Powered by phpBB © 2000, 2002, 2005, 2007 phpBB Group
phpBB.no - Norsk phpBB-support